På denne nettstaden finn du all informasjon om FAU og arbeidet FAU i løpet av skuleåret.
Under finn du årshjulet for FAU. Der kan du sjå kva som er planlagt dette skuleåret, samt informasjon om hendingane.
På "Filarkiv" har du tilgang på informasjon om blant anna sosialkveldar og møtereferat.
Under sida "Vedtekter" finn du vedtektene for FAU på Indre Hafslo oppvekstsenter.
Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) ved Indre Hafslo Oppvekstsenter arbeider for å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar. FAU er ein viktig samarbeidspart for skulen og representerer alle foreldre ved oppvekstsenteret. Årshjulet under syner faste møtepunkt og aktivitetar gjennom året.
Oppstartsmøte FAU
Rollefordeling
Møteplan
Rutinar for kommunikasjon
Gjennomgang av årets aktivitetar
Halloweenfeiring (31. oktober)
FAU organiserer arrangement for elevar
SU-møte
FAU deltek i samarbeidsutvalet
Tema: læringsmiljø, trivsel, samarbeid heim–skule
Nissefest
FAU organiserer Nissefest for barnehagen
Juleavslutning for skulen
FAU organiserer servering under juleavslutingen
FAU årsmøte
Årsmelding
Status for hausten
Handlingsplan for våren
Eventuelle endringar i FAU
SU-møte
Oppdatering om FAU sitt arbeid
Planlegging av vårens aktivitetar
Sosialkveld før påske
Sosial aktivitet for elevar og/eller foreldre
Storeforeldremøtet
Gjennomgang av FAU sitt arbeid
Val av nye FAU-medlemmar
Evalueringsmøte FAU
Både noverande og nyvalde FAU-medlemmar deltek
Evaluering av året
Fastsetjing av datoar og møteplan for komande skuleår
FU – Foreldrerådet
Alle foreldre/føresette som har barn ved skulen, utgjer Foreldrerådet.
FAU – Foreldrerådet sitt arbeidsutval
Eit utval valt av og blant foreldrerådet. FAU representerar føresette ved skulen og jobbar for å styrkje samarbeidet mellom heim og skule og bidra til eit godt læringsmiljø.
SU – Samarbeidsutvalet
Det øvste samarbeidsorganet mellom skule og heim. Består av representantar frå FAU, tilsette, elevråd og skuleeigaren.
SMU – Skulemiljøutvalet
Eit lovpålagt utval som arbeider for eit trygt og godt skulemiljø. På Indre Hafslo blir SMU og SU gjennomført samstundes, men elevane har uttalelsesrett i saker som gjeld skulemiljøet.